Sykkylven Energi-rittet 2013

Det er ikke lagt inn noen video

Invitasjon til Sykkylven Energi-rittet 2013

Vi inviterer alle syklistar til turrittet Sykkylven Energi-rittet i Sykkylven, søndag 26. mai 2013. 

Sykkylven Energi-rittet er todelt. Først vert det arrangert eit temporitt. Seinare samme dagen går landevegsrittet av stabelen.

Temporittet over 15 km startar på Eidem, like ved Sykkylven sentrum frå kl. 12.00. Løypa går langs med Andestadvatnet fram til Søvik der det er vendemål. 
Fellesstartrittet på 95 km har start ved Sykkylven Energi/Sykkylven Storhall kl. 14.30. Løypa går opp Grebstaddalen, langs Andestadvatnet, til Klokk, vidare forbi Melset og til krysset som fører opp til Fasteindalen, ned til Svindset, forbi Ramstaddalen skule og opp til Klokk, tilbake til Aure og gjennom tunnelen ved Klokkehaugen. Vidare vert det sykla på riksveg 60, først til Straumgjerde, så til Hundeidvik og tilbake til Straumgjerde. Siste sløyfa er i Velledalen: opp til Hjorthol via gamlevegen og retur på riksvegen rett tilbake til startområdet ved Haugsetvegen.http://www.strava.com/activities/51253521

Garderober i Sykkylven kulturhus frå kl. 10.00.

Sykkylven SK nyttar Emit tidtakarsystem og vi ber dei som har elektroniske brikker om å ta med seg desse.

Premiering: Deltakarpremiar til alle i turrittet, i tillegg uttrekkspremiar på startnummer.

Påmelding på Min idrett https://minidrett.nif.no/ eller til Eldar Høidal, Grebstadhagen 43, 6230 Sykkylven. Tlf. 90018419. Epost; eldar.hoidal@online.no innan 24.5. kl. 18.00.

Startkontingent kr 150,- for enkeltritt, kr. 200 for begge. 
Lisens kjem i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens. 

Kontonr: 3910.23.59910

Vel møtt!

Med helsing Sykkylven Sykkelklubb – www.sykkylvensk.com
Ved Eldar Høidal, leiar

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.08 | 21:14

Resultatene finner du på Facebooksida til Sykkylven sykkelklubb.

...
15.08 | 20:17

Resultater energirittet 2022?

...
11.08 | 10:41

Ja.

...
10.08 | 19:42

ser det er fåpåmeldte til energirittet, blir det noko?

...
Du liker denne siden