I februar 2020 vart det avvikla årsmøte i Sykkylven SK. Her vart valt nytt styre med desse medlemene: Eldar Høidal, leiar, Rolf Haxthow, nestleiar, Ronny Leknes Holm, kasserar, Torill Øvstedal, styremedlem, Henning Eidset, styremedlem og Anne Karin Watters styremedlem. Vara: Tore Melbø.
Klubben vil satse vidare på å få opp rekrutteringa blant dei yngste ved å føre vidare klubben sine cupritt. Vi vil også gjennomføre aktivitetar på den nye pumptrackana vår ved Storhallen. Her er alle, born og eldre, velkomne til å boltre seg når dei måtte ønskje.